25 års erfaring med Lyme Borreliose

Dr. Bela P. Bozsik er ein ungarsk lege med ei unik erfaring innan diagnostikk og behandling av Lyme borreliose. Etter at Borrelia-bakterien blei oppdaga tidleg på 1980-tallet, vart Dr. Bozsik raskt involvert i arbeid på dette feltet. Med sin bakgrunn innan laboratoriemedisin hadde han god innsikt i utviklinga av testmetodar,
og han forsto snart at både diagnostikk og behandling sto overfor større utfordringar enn det ein først trudde. I forbindelse med eit opphald i Budapest fikk vi anledning til å treffe Dr. Bozsik.

Read English version

 

belaBakterien Borrelia burgdorferi blei identifisert i USA i 1982, og blei sett i forbindelse med ein epidemi av leddbetennelsar blant barn i den vesle byen Lyme nokre år tidlegare. Det var kjent at denne bakterien kunne overførast av flått. I Europa var det kjent at flåttbitt kunne ha sammenheng med dei karakteristiske utsletta EM og ACA, men at den nye, spiralforma bakterien var årsak til sjukdom, det var nytt her også. Fleire fagfolk fatta interesse for å arbeide med denne spirocheten, og Dr. Bozsik var ein av dei som begynte tidleg å sette seg inn i dette feltet. Han var den første til å forslå navnet Lyme Borreliose på sjukdommen, og dette blei raskt akseptert og tatt i bruk.

Kva var bakgrunnen for at du begynte å arbeide med  Lyme borreliose? Det mest interessante, og lovande, med denne nyoppdaga bakterien var at her var det ein sjukdom som kunne skade heile kroppen, som utviklar seg som ein systemisk sjukdom, -og samtidig kunne organismen som forårsakar lidelsen drepast med vanlege antibiotika. Dette ga utrulege muligheiter for å helbrede menneske som hadde obskure symptom utan kjent årsak. Tidlegare hadde eg jobba med komplementsystem og serologi i syfilis-diagnostikk. Syfilis-bakterien er også ein spriochet, og har mange fellestrekk med Borrelia-bakterien. På denne tida var eg ledar av serologi-laboratoriet ved Johan Bela National Institute of Hygiene. Ein infeksjonslege ved instituttet ba meg om å gjere noko på Borrelia, og vi begynte å tilpasse metodar for serologiske undersøkelsar

Vi veit at det etter kvart har utvikla seg ein bitter konflikt mellom fløyar av legar som  har svært forskjellige syn på  borreliose, dette har vore spesielt tydleg i USA.  Denne konflikten har vi dessverre også fått i Europa, slik at vi kan sjå noko av dei same frontane her.

Korleis var eigentlig situasjonen til å begynne med, når oppsto denne konflikten? Dei første åra var det åpne og gode forhold, og ei vennleg stemning på dei internasjonale konferansane. Fagfolka ønska å dele erfaringar for å utvikle ny kunnskap. For å seie det kort, vi kjempa mot Lyme borreliose og ikkje mot kollegaer. I 1990, på den internasjonale kongressen i Stockholm, viste det seg at der var ein konflikt.. Under ein rundebords-diskusjon om behandling av borreliose vart det ein voldsom debatt som nesten enda opp i fysisk slåsskamp. Den gangen avslutta ledaren av rundebords-diskusjonen, Professor Klaus Weber frå München, debatten med å seie at ”Vi er her for å hjelpe pasientar som lider av Lyme Borreliose, ikkje for å slåss med kvarandre”.  Det som var utgangspunktet for debatten var at dei fremste ekspertane var uenige om kva som var det beste og mest effektive medikamentet til behandling av Lyme Borreliose.

Spørsmål omkring behandling er jo fortsatt eit av dei områda der det er svært forskjellige meiningar i dag. Helsestyresmakter i dei aller fleste land følger meir og mindre retningslinjene frå IDSA i USA, sjølv om alle er klar over at situasjonen er forskjellig i USA og Europa. I Europa har vi minst tre, kanskje fem eller fleire,  stammar av Borrelia som gir sjukdom hos menneske, medan USA har ein dominerande underart. Standard behandling for borreliose  i dei fleste land er 2-4 veker monoterapi med ceftriaxon, doxycyklin, eller eventuelt Penicillin V i tidleg stadium.

Du har vore ein pioner i utvikling av kombinasjonsbehandling, kan du fortelje litt om bakgrunnen for dette? Det var tydeleg at monoterapi i mange tilfelle ikkje ga godt nok resultat, og eg begynte å tenke at kombinasjon av forskjellige medikament kunne gi ein synergieffekt. Med hjelp frå kollegaer ved fleire Institutt fekk eg gjort nokre dyrkingsforsøk In vitro med forskjellige Borrelia-stammer, der vi testa flouroquinolon i kombinasjon med forskjellige andre antibiotika som doxycyclin, clarithromycin osv. I alle tilfella såg vi ein markert synergieffekt, sjølv om Dr. Wilske hadde presentert In vitro-resultat på Stockholm-konferansen som viste at ciprofloxacin ikkje var effektivt åleine mot Borrelia.  Vidare såg vi at enkelte pasientar hadde god effekt av behandling mens andre ikkje hadde særleg effekt. Professor Neubert presenterte resultat frå In-vitro testar som viste at det var forskjell mellom ulike Borrelia-stammer i forhold til kva type antibiotika som var mest effektiv. Noko seinare, under konferansen i Wien i 2005,  blei det diskutert med Brorson om tinidazole kunne vere eit effektivt medikament å ta inn i behandlingsopplegget for å ta Gemma (spheroblast, ”cyste”) -stadiet av Borrelia-bakterien.

Prinsippet for behandlingsregimet eg har utvikla er å bruke ciprofloxacin i kombinasjon med eit anna antibiotikum for å utnytte den synergieffekten vi såg i laboratorieforsøk. Dessutan å ta med tinidazol mot Gemma (”cyste”-forma). I praksis såg vi at pasientane hadde sykliske svingningar i symptom på 3-4  veker. Behandlinga skulle vare i 2-3 gonger syklusperioden hos pasienten, det vil seie om lag 8 veker. Vi såg at bedring kunne komme i lang tid etter avslutta behandling, men ved forverring og oppblussing av infeksjonen skal behandling gjetas, med anna medikament. Det er viktig å kjenne til kva for stamme av Borrelia pasienten er smitta med for å kunne gi det medikamentet som har størst sjanse for å virke godt.

Det var sjølvsagt viktig å undersøke om kombinasjonsbehandling hadde god effekt i ein klinisk situasjon, og ikkje berre i laboratoriet. Eg hadde først kontakt med ei ungarsk gruppe av legar som ønska å prøve dette behandlingsregimet for ein del av sine pasientar. Etter kvart samla vi omfattande kliniske data frå ei gruppe på om lag 250 pasientar her i Ungarn, som vi følgde opp i ein periode på i gjennomsnitt 5 år. Om lag halvparten av pasientane blei bra etter ein runde med behandling, mens andre hadde behov for ei eller fleire gjentatte behandlingar. Nesten alle blei heilt friske, slik at ein ikkje lenger kunne sjå tidlegare sikre patoanatomiske skader  Eg har også sett at det er veldig viktig å styrke immunforsvaret parallelt med antibiotikabehandling.

 

Det vi opplever i dag er at det kan vere svært vanskeleg å få påvist borreliose, særleg hos pasientar som har vore lenge sjuke utan å få rett diagnose. Spesialistane aksepterer at immunresponsen kan vere dårleg i tidleg fase av sjukdommen, men påstår at serologisk testing er fullt ut påliteleg i sein fase av sjukdsommen. I teorien er dei enig i at seronegativ borreliose fins, men dei påstår at det er ekstremt sjelden. Dermed blir i praksis ein negativ test bruka til å utelukke sjukdom.

Korleis ser du på dette med bruk og tolking av serologiske testar, og eventuelt andre metodar i diagnostikken? Spesialistane gløymer kva det betyr i praksis at serologi er ein indirekte metode. Seronegativitet betyr at metoden(!), av ein eller annan grunn, ikkje kan påvise antistoff. Det betyr ikkje nødvendigvis at pasienten ikkje har borreliose. Ein skal vite at det er ein periode i tidleg fase av sjukdommen der antistoffproduksjonen er låg, men der er også ein slik fase i seint stadium.  Derfor treng ein fleire metodar for å påvise infeksjon. Eg har arbeidd mykje med klassisk mørkefelts-mikroskopi, og såg at det var behov for å utvikle ein metode  for å skille Borrelia-bakterier fra artefakter i preparata. Eg har utvikla ein reagent (DualDur) for tilsetjing i blodprøven. Denne reagenten gjer at alle andre objekt enn spirochetane blir stive og ubevegelige og dermed er det ingen artefakter, spirochetane blir bevart og er fortsatt bevegelege.

 

lys2Dr Bozsik er no pensjonert, men arbeider likevel frivillig fulltid i Lyme Borreliosis Foundation Hungary, ein organisasjon som han sjølv starta opp i 1991. Han har stadig kontakt med pasientar, legar og forskarar i fleire land, og brukar tida si på å hjelpe. Han  viser stor omsorg for pasientane. Kva søndag tenner han lys for pasientane som er ramma av Lyme borreliose, og for legane deira.

 

 

 

 

 

{jcomments on}

 

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss